søndag 10. mai 2015

Påskehelg i Cairns med storfint besøk!

Sjøl om påsken aldri blir heilt da samma uten skitur og påskeeggleiting med storfamilien hjå besto i Kvandal, hadde me ei ganske fantastisk påskefeiring her down under òg!

Sia Eva og Magnhild skulle landa i Cairns søndag 1. påskedag, bestemte eg og Steven oss for å gjera ei langhelg ut av da og møta dei der.

Cairns ligge ein ca 4 timars køyretur nord for Townsville, og e ein litt mindre havneby med nærmare 160 000 innbyggara. Me va so heldige at me fekk låna Chris sin bil, noko som va veldig kjekt, for da e mykje fint å sjå på vegen frå Townsville til Cairns!


Langfredag 3. april: Roadtrip, Crystal Creek & Babinda Boulders

Fyste stopp va Little Crystal Creek, ei av dei nydelige elvene i nasjonalparken Paluma, ein time frå Townsville. Da krydde av folk der, men me klatra litt oppøve elve og fann ein idyllisk liten kulp for oss sjøl. Dessverre la eg att kamera lenger nede, derfor kan eg ikkje visa deko den hemmelige plassen, so de får berre ta meg på ordet!


Little Crystal Creek



 Ein plass baki der fann me den hemmelige plassen :)



Ekstremt modige og vågale som me e, blei da for lite utfordrande å berre gå ut i vatnet.


Imponerande! Da e ganske mange meter ned her vil eg tru!


Deep in the jungle
Utsikt frå vegen opp til Crystal Creek, som for øvrig minna mykje om vegane langs Hardangerfjorden.


Litt utsikt frå vegen opp mot Cairns:












Ette å ha køyrt oss varme og sveitte igjen stoppa me ved Babinda Boulders, som e litt sør for Cairns, ei elv som òg e ein del av ein nasjonalpark. Utrulig fint der òg!
Da besta av alt va kanskje at me fann lianer (sånne Tarzan slenge seg i) so hang ned frå eit tre øve vatnet, og ei lianehuska! Eg har drømt om å slenga meg i lianer heile mitt livet! Sia me måtte svømma for å komma oss dit, og eg ikkje har vanntett kamera, får de ikkje sjå bilder av da helle, dessverre!
Me fann og ein vekkgøymt liten lagune litt lenger opp i elve, omringa av jungel på alle kanta - heilt ubeskrivelig fint :)



Babinda Boulders: Ikkje so mykje vatn i elve pga ei veldig tørr "regntid" - men veldig fint likavel!






Ikkje lov å bada her dessverre!


Vegen ned til elve.


Jungel <3


Her, i detta herlige, klare, kalde vatnet kunne me heldigvis bada! Lianene hang ned frå treet du ser til venstre i bildet.



Når sole begynte å gå ned reiste me vidare mot Cairns. Her e litt bilder frå siste del av roadtripen:












Detta kule, pyramideforma fjellet rett før Cairns heite Walsh's Pyramid, og e verdens høgaste, frittståande naturlige pyramide med sine 922 meter!

Da va ein utrulig fin og opplevelsesrik langfredag! Når me kom fram til hippie-hostellet i Cairns tok me tidlig kveld, for me skulle nemlig opp tidlig og dykka i Great Barrier Reef!!



Påskeafta 4. april: Dykking i Great Barrier Reef


Tidlig lørdagsmorgon reiste me ut på da store havet, ut til Great Barrier Reef.
For dei som ikkje veit da, e Great Barrier Reef verdens største korallrev, e på verdensarvslisto, og kan til og med sjåast frå verdensrommet!


Me hadde ikkje undervannskamera so detta fann eg på internetet. Men sånn ser da ut!

Me dykka på tre ulike plassa, ned til mellom 12-20 meter. Da va heilt fantastisk, som tatt ut av Den lille havfruen! Me såg so mange fargerike koralla og fisk, me såg til og med ein hai!! (Ufarlig då, påstår dei.) Me svømte gjennom kanala og ganga i korallrevet - da va berre utrulig!
Einaste minuset va at eg hadde litt problem med å utlikna trykket i øyrene på veg ned, so når eg kom opp at hadde kjeven låst seg i ein merkelig posisjon so gjorde at eg berre so vidt kunne gapa, noko som va ganske irriterande fordi dei hadde masse kjempegode, gratis kaker på båten! Men eg klarte jo å pressa i meg litt likavel heldigvis :)








Da va ein profesjonell fotograf med på dykkene so tok bilder av oss, men da va sjølvsagt ekstremt dyrt å kjøpa dei, so me lurte oss te å ta nokon bilder av bildene.. Ikkje topp kvalitet, men de får i alle fall sjå nokon av dei søte vesenene me møtte! :)


Sjå på denna tøysefisken! Den va heilt tam og svømte rundt oss <3 syns me ser litt like ut på detta bildet!
Haha, sjå kor enorm og dum og søt den ser ut! Og fisken e ganske søt òg! He-he
Da besta av alt va når me møtte denna kjempesøte skilpaddo!!
Den va kjempesosial og svømte rundt oss! Den va soo søøt <3


For eit liv :)




Cairns i sikte












Nok ein perfekt dag, med
 opplevelsa for livet <3
Tilbake på land åt me ute før me la oss tidlig igjen - me skulle nemlig opp kl 4 for å henta Eva og Magnhild på flyplassen! :D


1. påskedag 5. april: Eva & Magnhild på besøk!

For ein følelse å sjå dei komma gjennom dørene i ankomsthallen <3
Fantastisk å sjå dei igjen, og uvirkelig å ha dei her, i Australia!!



<3 <3 <3

Ette å ha sjekka inn på hostellet gjekk me ned til havet for å sjå soloppgangen og ta eit morgonbad her:














Eva & Magnhild hadde med verdens beste overraskelsa til oss!! Eg fekk yndlingsmaten min cheeze dodles <3 og Steven fekk ei signert t-skjorta av Kakkmaddafakka, som e yndlingsbandet hans, og eine vokalisten e jo husverten vår i Dokkehuset i Bergen!


Lykke!
Ikkje nok med da, dei hadde òg med lilla påskeegg!! Gjett om eg va i den sjuande himmel!

Ette den fantastiske overraskelsessermonien, reiste me på Zambrero kor dei har avhengigheitsskapande burritos og åt frukost, før me reiste til Trinity Beach litt nord for Cairns :)


Mhm <3





Tøysa litt :)


Alle ville ta bilde med oss
Kan ikkje klaga!









Me va på stronde nesten heilt til sole gjekk ned, berre slappa av og bada og leika og solte oss, so reiste me på hostellet og gjorde oss klare til middag :)


Nomnomnom

Me avslutta nok ein nydelig dag med kjempegod middag ute, før me alle gjekk tidlig til sengs :)


2. Påskedag 6. april: Heimreisa og Jourama Falls

Måndag måtte eg og Steven venda tilbake til Townsville og uni.
Ette ein avslappande formiddag med påskeegg attmed havnebassenget, reiste me sørøve igjen.






Påskeegg!!


Blir ikkje bedre


On the road again
Me ville gjera da mesta ut av heimturen, og stoppa med nydelige Jourama Falls, der da va so fint at me blei heilt til solnedgang :)




















Da e utrulig kor mykje ein kan oppleva på berre éi helg!
Eg veit ikkje korleis påsken kunne blitt bedre, da va berre ei heilt fullkommen, eventyrlig fin helg - kanskje den beste til no :)

Kjem ikkje øve kor heldig eg e so får oppleva alt detta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar