mandag 25. mai 2015

Ferieveka: Roadtrip frå Sydney til Great Ocean Road

Om ettermiddagen torsdag 23. april, ette to ganske intense veker med innleveringa, satt eg meg på flyet og flaug til Sydney - endelig tid for ferie! Magnhild og Eva plukka meg opp på flyplassen, so køyrte me til Bondi Beach rett utanfor byen der me åt middag på ein koselig, italiensk restaurant mens jentene fortalte meg alt om turen deirans so langt :)

Endelig gjenforent med desse to <3

Da va ikkje fritt for at eg fekk litt kuldesjokk i Sydney (og lite visste me om ka som venta lenger sør). Som de ser va da skjerf- og jakkeføre :)

Ette å ha inntatt eit bedre italiensk måltid, satte me kursen mot Blue Mountains og Katoomba, ein liten fjellandsby der me skulle tilbringa natte.

Føtna til Magnhild va heldigvis blitt mykje bedre, so fredagsmorgon stod me tidlig opp og gjorde oss klare for å utforska dei vidgjetne Blue Mountains!




 Blue Mountains



And so the adventure begins
Me gjekk langs kanten av ei klippa, delvis med fantastisk utsikt, delvis i jungelliknande skog, inn til Wentworth Falls:
























Wentworth Falls sett ovanfrå


Øvre del av fossen før den kaste seg ned i dalen





På tilbakevegen gjekk me ei anna ruta, delvis på nedsido av klippeveggen:







Wentworth Falls, utsikt frå vegen tilbake

For ein nydelig tur me hadde! Skulle gjerne ha tilbrakt mange daga i detta fantastiske naturområdet :)

Ette turen køyrte me til eit utkikkspunkt i Katoomba, der me fekk sjå sole gå ned øve den ikoniske fjellformasjonen "The Three Sisters", som har fått navnet sitt ette ei Aboriginar-legenda.







Hadde ikkje hatt noko imot å reist på tur innøve her!






Ette sole va gått ned, følte me behov for ein dusj, og tok inn på ein campingplass litt utanfor sentrum av Katoomba. Resten av kvelden kan oppsummerast sånn:






Neidå, da va langt ifrå so gale so da ser ut! Sia da va fredagskveld og vår siste kveld i fjellandsbyen, bestemte me oss for å gå på pub. So me drakk litt vin før me gjekk inn mot sentrum, og på vegen fann me ei handlevogn, slengt i ei grøft. Me leikte litt med den før me gjekk vidare, men til tross for masse turisme va da ikkje mykje til liv i Katoomba, og me fann ikkje ein einaste pub so va open. Da einaste alternativet va noko som såg ut so eit nedlagt spøkelseshotell, der nokon hadde laga til fest. Me stakk nett hove innom før me tok skrekken og gjekk fint heim og la oss - da va ikkje heilt vår type fest for å sei da sånn!
Men ein opplevelse va da jo :)



Neste dag sjekka me ut og åt ein god frukost før me satte kursen mot vårt neste mål: Australia sitt høgaste fjell, Mount Kosciuszko!




Da glade campingliv :)

Eit lite stopp ved ein innsjø før me forlot Katoomba.





På køyreturen mot Mt. Kosciuszko via Canberra (der me til min store lettelse klarte å lokalisera favoritt-burritos-plassen min, Zambreros - utøve da fekk me ikkje sett so mykje av den regntunge hovudstaden), fekk me oppleva heile spekteret av vêrfenomen:



Soool


Storm
Hagl


Osv

Da va for lengst blitt mørkt når me kom fram til Thredbo, ein vinterlandsby attmed eit skianlegg ved foten av Mt. Kosciuszko (1365 moh).

Sammenlikna med klimaet i Queensland va da rimelig iskaldt der oppe i høgden.
Sånn såg da derfor ut inne i bilen frå hengekøyo mi når me la oss den kvelden:


Budeiene mine <3


Mount Kosciuszko (2 228 moh)

Søndagen grydde med skodda, regn og rundt éi varmegrad. Da va ikkje fritt for at da såg litt spøkefullt ut for fjellturen vår når me såg ut av vindauga den morgonen. Men ette å ha forhøyrt oss i turistinformasjonen, som kunne forsikra oss om at ruto va so godt merka at da va trygt å gå tross vêret, bestemte me oss for å prøva oss på Australia sitt høgaste fjell likavel. Me hadde jo tross alt komme heile denna vegen, og va ikkje villige til å gje oss uten kamp! So me kledde på oss alt me hadde, pakka masse nista og gjekk til innkjøp av regnponcho, so la me i veg :)



Thredbo i strålande haustvêr



Tre spøkelse klare for tur!








Vi vandrer med freidig mooo-ot!





Fyste del av stien va ganske bratt og gjekk delvis attmed/gjennom skianlegget. Når me kom øve "kneiken", til toppen av skiheisane, flata da ut og landskapet forandra seg - ikkje at me fekk sett so mykje av da på vegen opp, for der oppe va skoddo tjukk som graut! :)


Skjønne ka dei meinte med at ruto va "godt merka" :) på sånne "skinner" gjekk me nesten heile vegen til topps.


Spøkelse i skoddehavet, heite detta bildet


På toppen!! Med null sikt, 0 grader og sidelengs regn, so kaldt at da va til å få hjernerystelse av!
Made it! Da finst ikkje dårlig vêr.. Yeah right!

Da blei ikkje so mange bilder frå toppen, både fordi skoddo gjorde at da ikkje va so mykje å ta bilde av, men òg fordi at hendene va for klønete i kulden.

På veg ned att skjedde da eit mirakel:



Skoddo begynte å letta!




Og eit Hardangervidda-liknande landskap begynte å visa seg.



So da va altso sånn da såg ut!



Når me kom tilbake til toppen av skiheisane, bestemte me oss for å ta ein anna veg ned, der me gjekk litt utøve før me begynte å skrå ned mot Thredbo igjen. Denna ruto hadde da innbydande navnet "Dead Horse Gap". Lite visste me om ka som venta oss der framme..








Landskapet på veg nedøve va utrulig! Bildene får ikkje fram kor stilig da va, men midt i heiene dukka da opp øyer av skog og svære steina:
















I 2006-2007 herja enorme skogbranna i Australia, noko me kunne sjå tydelige spor av på veg ned til Thredbo: Skogen me gjekk gjennom va meir som ein spøkelsesskog av daue, utbrente tre. Generelt e skogbrann for øvrig ein viktig og naturlig del for Australsk flora. (Detta har eg lært i eit av fagene mine.)


Som tatt ut av ein skrekkfilm!


Da skumlaste ekte bildet du nokon gong har sett!

På veg ned fekk me sjå grunnen til at ruto heite Dead Horse Gap!! I teorien ganske skummelt, med eit hesteskjelett liggande midt i spøkelseskogen, når da begynne å bli mørkt. Men detta blei liksom for skummelt til å ve skummelt. Da blei meir komisk!




To spøkelse i spøkelseskogen heite detta bildet






Da va nesten blitt mørkt når me kom ned i dalen, og fortsatt hadde me 4 km å gå gjennom skogen til Thredbo. Siste del av turen gjekk me berre i da svake lyset av månen, ellers va da bekmørkt - eg syns da va ganske fint, men trur dei andre to va ganske letta når me kom fram til bilen ;)

For ein dag og for ein tur!! Dessverre hadde me pådratt oss ei lita parkeringsbot på 15 $ (ca 90 kr) so me måtte ned i ein anna landsby, Jindabyne, for å betala. Derfor tilbragte me lika godt natte der :)

Måndag va køyredag: Då skulle me køyra heile vegen til Great Ocean Road! Me køyrte opp att frå Jindabyne forbi Thredbo, gjennom Kosciuszko nasjonalpark og ned mot Melbourne. Da va nydelig vêr, og me fekk sjå fine og varierte landskap langs vegen:



Kosciuszko nasjonalpark



Australia har jo motsatte årstider i forhold til oss, so da va merkelig å oppleva haust i april - men me fekk sjå nokon nydelige haustfarga på vegen :)



Andre plassa såg da derimot ut so at verdens ende e nær

Ein plass me køyrte gjennom såg me ein heil skog stå unde vatn!



Da va blitt mørkt når me køyrte gjennom Melbourne og fortsatte ned mot Great Ocean Road. Me fann oss ein campingplass ved The Twelve Apostles, og overnatta der. Grytidlig neste morgon stod me opp for å få med oss soloppgangen øve kalksteinsformasjonane :)


Great Ocean Road

 Eg tenke bildene tale for seg sjøl :)







Ette denna nydelige starten på dagen, køyrte me litt vidare utøve for å få med oss mest mulig av detta unike landskapet! Nokon plassa va veldig turistifiserte, andre plassa hadde me heilt for oss sjøl :)





















Eva utføre ein liten dans


Hihi, eg veit ikkje heilt ka Eva ser ut so her, med alle sjalene flagrande rundt seg :)




Ette å ha tilbragt mesteparten av dagen langs nydelige Great Ocean Road, reiste me opp att til Melbourne der me tok inn på ein campingplass. Sia detta va vår nest siste kveld ilag, bestemte me oss for å gå ut - men da va ikkje mykje liv i Melbourne på ein tysdag gitt :)
Me reiste fyst til eit casino og so til ein sleten nattklubb med 18-åringa (eg begynne visst virkelig å bli gammal). Da blei til at me observerte mest, noko so va ganske underholdande, so dansa me litt og reiste heim ikkje alt for seint.



Melbourne

Neste dag fekk me for fyste gong sjå Melbourne i dagslys :)
Melbourne e den nest største byen i Australia med 3,8 milliona innbyggara. Me gjekk rundt og synfarte litt, handla litt og kvilte litt i ein park.

Federation Square














Ette ein fin dag i denna ganske fine byen, åt me middag på ein veldig koselig italiensk restaurant, Vapiano, der du får sjå dei laga maten din :)



Ettepå hadde me oss ein "liten" bar-til-bar runde - detta va tross alt vår siste kveld sammen :'(

På den eine puben hadde dei eit Pac-Man spel innebygd i bordet! Eg hadde gløymt reglane og tapte..


Før me visste ordet av da befant me oss i Chinatown (da bur nemlig veldig mange asiatara i Melbourne) - der Magnhild fekk eit innfall om at me skulle inn og eta kinesisk dessert. Lettare forbausa fulgte eg og Eva ette ho inn på ein veldig asiatisk slags restaurantkafé, og dessertane såg jo veldig gode ut på menyen. På menyen.


Da lovte bra, men..

..detta e muligens den verste "desserten" eg har ete i mitt liv :P

Magnhild sin dessert smakte ernæringssuppa!

Soon..
Eva sine, eh.. risbolla??

Ja, ka ska me sei om dei, Eva?

Me klarte no å fortæra denna rare desserten til slutt likavel!

På denna plassen kjøpte me ekte dessert. Og alkohol frå tappekran :)

Evo <3

Hugleik på t-banestasjonen ette ein gøyal kveld på byn <3

Dagen derpå va da berre å sjekka ut frå campingplassen, pakka og rydda bilen - so måtte Magnhild og Eva reisa til flyplassen og forlata meg og øye mi :(
So ufattelig fort den veko gjekk - men herlighet so mange fantastiske og varierte opplevelsa me har hatt ilag - kjem aldri til å gløyma da <3 åå, so me koste oss! Sko ønska da kunne vart endå lenger :)

Ette å ha sagt hada til jentene mine, låste eg sekken min inn på busstasjonen og vandra litt rundt i Melbourne.



Ein sykkelbar!! Sånn skulle me hatt på Jaunsen :D





Klokko 19 gjekk ferde vidare med nattbuss til Sydney igjen, der eg skulle møta Steven og Clayton :)



Sydney

Når eg kom fram til Sydney grytidlig fredagsmorgon, plaska regnet ned, og eg hadde verken paraply elle regnkle, so eg søkte ly innendørs til Steven og Clayton kom litt seinare på dagen. Dei hadde brukt ferieveko på å køyra nedøve kysten frå Brisbane, so då passte da fint å møtast i Sydney og reisa heim att ilag :)

Me brukte ca 2 tima på å køyra rundt i sentrum på desperat leiting ette parkeringsplass til ein øvekommelig pris - men da billigaste me fann va 400-500 kr for eit par tima! Da va dyrt til og med for ein nordmann, men me fann ut at da va verdt da likavel - for me ville jo sjå Operahuset før da blei mørkt :) og mens me køyrte rundt gav regnet seg òg!

Og sjølvsagt klarte eg å gløyma kamera mitt, e ikkje da typisk, når me reise for å sjå den mest kjente, mest ikoniske bygningen i heile Australia :')
Heldigvis blei Steven sine mobilbilder brukbare!


Eg hadde so gnagsår at eg måtte gå i flipflops :P classy!

Sydney Harbour Bridge - her klatre folk øve (på toppen altso) :)

Me hadde so lyst øve der, men hadde ikkje tid dessverre!

Da vidgjetne Operahuset! (Eg tok på da fyst) :)


Clayton og Steven :)


:)

Jammen e da eit veldig fint Operahus!


Steven og Clayton hadde leigebil med telt på taket, og den opprinnelige planen va at me alle tre skulle øvenatta der. Men på grunn av vêret og fordi da va so umulig å finna sentrumsnær parkeringsplass uten å bli ruinert, spurte Steven ei venninna so studere i Sydney om me kunne låna stovegolvet hennas - og da fekk me heldigvis lov til :)
Ho skulle ut med nokon venna, so me blei ein heil gjeng so reiste ut ein tur - men me tre måtte tidlig heim sia me sko fly tilbake til Townsville neste dag.

Me likte oss veldig godt i Sydney, da e ein veldig fin by - skulle gjerne hatt meir tid der òg :)




Plutselig va da lørdag og tid for heimreise, ette ei veka full av so mange uforgløymelige opplevelsa! Utrulig kor mykje ein kan få sett og gjort på berre éi veka :)
For ein ferie <3



1 kommentar:

  1. Arvid tollaksen26. mai 2015 kl. 11:50

    Fine bilder med en utrolig fin natur i alle variasjoner :) Lykke til videre :)

    SvarSlett