Magnhild og Eva kom ned til Townsville onsdagskveld (8. april). Eg va veldig spent på om dei kom til å finna vegen heilt til Penthouse uten internett og uten mulighet til å få tak i meg! Men når eg kom heim frå frisbeekamp (som me heilt klart skulle ha vunne) stod "Magic Mike"-bilen deirans fint parkert utanfor huset :)
Imponerande navigeringsskills!
Når eg va ferdig på skulen på torsdag, kom Eva og Magnhild bort på campus, og fekk ein liten omvisning av meg og Steven :)
 |
| Biblioteket vårt, Eddie Koiki Mabo Library - oppkalt ette ein aboriginsk menneskerettsforkjempar. Her inne tilbringe eg forbløffande mykje tid. |
Campusen vår ser i grunn meir ut som ein svær, grøn park med bygninga spreidd litt tilfeldig rundt omkring. Eg like da veldig godt, sjøl om da va bortimot umulig å finna fram i begynnelsen :)
Ettepå reiste me tre ned til sentrum, der me kjøpte Zambreros burritos <3 og køyrte opp
Castle Hill, sia stakkars Magnhild hadde forstua foten i påsken!
På toppen såg me på utsikten mens me åt burrotos. Eit ganske fint måltid kan du sei :)
 |
| På toppen av Castle Hill med Magnetic Island i bakgrunnen |
 |
| <3 |
Til dessert kjøpte me verdens beste is på Juliette's på The Strand, mens me såg himmelen bli rosa øve neste dags destinasjon - Magnetic Island!
Om kvelden, mens eg las til ein prøve, diska Eva og Magnhild opp med ein nyydelig middag til heile familien - fylt sjampinjong, baconsurra kylling, salat osv.. Mmmm!!
 |
| For ein gjeng <3 |
Fredag satte me endelig kursen mot Magnetic Island og Full Moon Party!! Me fekk sjå ein nydelig solnedgang på ferjeturen øve til øye :)
 |
Ready to partey!
|
 |
| Go'bilen <3 |
 |
| Byee, Townsville! |
Vel framme på Magnetic Island køyrte me til Geoffrey Bay (for eit navn) der me åt hamburger på ein hotellrestaurant og tok oss nokon glas øl og vin.
Dei hadde ein galen fugl der so prøvde å ta herredømme øve restauranten med nokon sinnsjuke freselyda. (Den samme type fugl so spankulere rundt på campus, som om den ikkje e klar øve at den kan fly!)
Eg love deg, den freste som ein galen katt! Hadde aldri trudd da va ein fugl viss eg berre hadde høyrt lydane! So me holdt oss på trykk avstand frå "the evil bird" :)
 |
| Sjå kor sur han ser ut! |
Deretter va da tid for vorspiel i "Magic Mike". Me fann oss ein plass å campa på ein utkøyrsel med strande i Nelly Bay, i gangavstand til fullmånefesten.
Da va eit veldig koselig vors med goon og chips og norske drikkeleika :)
Ein liten bildeserie frå begivenhetene:
 |
| <3 |
Fornuftig som eg e, tok eg ikkje med kamera til festen, derfor kan eg ikkje visa deko bilder derifrå! Veldig mange av dei eg kjenne her va på fullmånefesten, so Eva og Magnhild fekk møtt dei andre norske jentene og stort sett resten av flokken òg :)
Full Moon Party e veldig kjent og noko eg hadde høyrt om lenge før eg reiste til Australia. Ifølge ryktene sko da ve ein strandfest med tusenvis av folk. So eg hadde nok veldig høge forventinga, for ærlig talt syns eg festen va ganske oppskrytt! Da va inne på eit slags inngjerda hotellområde, so eg fekk meir nattklubbfølelse enn strandfestfølelse. Da kan ikkje ha vore i nærheiten av tusen folk der, og dessuten va dei fleste små 18-åringa (kanskje da berre e eg so begynne å bli gammal). Da va jo sjølvsagt kjekt fødaom, men eg va ganske sleten òg, sånn at eg nesten duppa av - so da endte med at eg og Steven reiste ganske tidlig. Magnhild og Eva holdt da derimot gåande heile natte, og kom tilbake til basen vår ved morgongry ;) stakkars Magnhild hadde forstua andre foten òg!!
I da minsta fekk me sjå ein nydelig soloppgang frå strande <3
Lørdagen måtte Steven tilbake til Townsville, so ette å ha skyssa han til ferjo, køyrte me tre på oppdagelsesferd!
Me begynte med å eta frukost på da samma hotellet so me åt hamburger på kvelden før, der dei va so snille at dei lot oss bada i bassenget sjøl om me ikkje budde der :)
 |
| Ikkje akkurat feil plass å eta frukost |
 |
| Der står "Magic Mike" og kose seg. |
So reiste me til nordsido av øye, til Horseshoe Bay, som eg syns e den aller finaste befolka bukte på øye.
Der åt me middag, før me tilfeldigvis møtte på resten av gjengen, so me bada og solte oss litt med dei før me reiste vidare :)
 |
| Horseshoe Bay <3 |
 |
| Her gav Eva oss ein liten leksjon i matkasting som eg seint vil gløyma :') |
 |
| Mange fine Lorikeet fugla i trena rundt strande :) |
 |
| Crazy bird lady |
 |
| Fine Mona :) |
 |
| LML |
Me køyrte rundt på heile øye, og stoppa stort sett i kvar havn. Lengst vest, forbi ein lang og humpete grusveg, ligge West Point som e ei nydelig sandstrand. Me fekk akkurat sett snurten av sole før ho gjekk ned i havet :)
 |
| Ein klassisk bilsjølvis |
 |
| Vegane på Magnetic Island e tronge, humpete og går mykje opp og ned - akkurat sånn me vestlendinga like da :) |
 |
| West Point! |
 |
| Detta blei eit vanlig syn ette at stakkars Magnhild forstua begge føtna! Me bytta på å bera ho rundt :) |
 |
| Særlighet i solnedgang heite detta bildet |
Egentlig hadde me tenkt å ve på Magnetic Island heile helge, men so høyrte me rykter om at da va eit elle anna arrangement i Townsville den kvelden, so me bestemte oss for å helle testa utelivet der - sia da tross alt va Eva og Magnhild si einaste helg i Townsville!
Då e jo puben/nattklubben Mad Cow nesten obligatorisk.
Fordi da ikkje går nokon bussa til Annandale i helgene, og fordi taxi e lika dyrt som i Norge, bestemte me oss for å campa i bilen i sentrum den natte. So me hadde eit lite vors i bilen før me gjekk til Mad Cow. Dessverre va eg og Magnhild ganske utsletne ette lite søvn forrige natt, so da va ikkje so veldig masse liv i oss - da va i grunn so vidt me klarte å holda oss våkne. So me holdt ikkje ut lenger enn til kl. 2! Litt synd, men sånn e livet!
 |
| Sånn såg da ut når me gjekk til Mad Cow! PS: Da Manghild har på seg e altso støttestrømpa, viss du lurte. |
Me reiste heim til Penthouse tidlig søndagsmorgon, der me la oss for å kvila litt - og endte med å sova stort sett heile dagen. Da va herlig, og eg trur me trong da!
Eva og Magnhild skulle fortsetta på ferde sørøve neste dag. For å få mest ut av dagen, stod me derfor opp grytidlig for å få med oss soloppgangen :)
 |
| Flokken <3 |
Ettepå åt me frukost på ein koselig kafé i byen, før me reiste til Riverway Lagoon med Ross River og tok oss eit morgonbad!
 |
| Riverway Lagoon :) |
 |
| <3 |
So va da tid for Eva og Magnhild og pakka og reisa vidare - dei skulle jo faktisk køyra heile vegen ned til Melbourne - nesten 350 mil frå Townsville!!
Da va trist å sei hada, tide gjekk so fort - men heldigvis skulle eg jo sjå dei igjen i Sydney berre to veker seinare.
Dessuten trur eg virkelig me va flinke til å utnytta tide maksimalt den vesle veko dei va i Townsville :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar