mandag 16. mars 2015

Urfolk, kultur, kunnskap, miljø og australsk fauna

Ette ei festlig fadderveka starta me opp med forelesninga siste veko av februar.
Mens dei fleste vennane mine begynte med forelesningane på måndagen, måtte eg venta heilt til onsdagen. Da va faktisk litt skuffande, for eg va veldig klar for å begynna og spent på fagene mine. Merkelig nok begynte eg derfor å setta meg inn i pensum, kjøpa bøker og tok til og med meg den eine boke ned til Ross River og begynte å lesa pensum før studiestart for fyste gong i verdenshistorien. Der heima har eg som regel so mange jern i ilden at studiane har ein tendens til å havna eit stykke ned på prioriteringslisto, so eg glede meg faktisk til å ve fulltidsstudent på skikkelig detta semesteret.

Opplegget på JCU e dessuten heilt annleis enn eg e vane med heima: Her e forelesningane obligatoriske, me har innleveringa og quizar undervegs, noko som gjer at me faktisk  henga med i pensum - noko som passe meg midt i blinken. For meg fungere da mykje bedre enn å bli fullstendig overlatt til sin eigen (manglande) sjølvdisiplin som me blir på UiB.

Litt bilder uten relasjon til teksten: Solnedgang øve Ross River

Ein av dei mange badeplassane langs elve :)

Eg har allerede bytta ut da eina faget mitt, "Economics for Sustainable Business" (økonomi for berekraftig business), fordi allerede unde den fyste forelesninge innsåg eg at når dei snakke om berekraftigheit, snakke dei ikkje om miljøet, men om "finansiell berekraftigheit" (som om da går an å ha uten økologisk berekraftigheit). Når forelesaren sa at me ette å ha lest fyste kapittel av pensum skulle læra å tenka som ein økonom, tok eg skrekken og meldte meg ut.

For all del kunne da nok vore interessant og nyttig, men når eg berre ska ve her eit halvt år har eg helle lyst å studera noko eg virkelig kan engasjera meg i.
Derfor meldte eg meg helle opp i "The Australian Vertebrate Fauna", der me lære om australske dyr. Eg har allerede skreve ei oppgåva om korleis koalabjørnane bruke trestammer til nedkjøling unde hetebølger :)
Da einaste eg grue meg litt til i detta faget viss eg reise på feltturen (som dessverre e midt i ferieveko, so eg har ikkje bestemt meg endå), so blir eg nødt å fanga slanga!! Hadde eg visst da på forhånd hadde eg kanskje tenkt meg om to gonger før eg valgte da faget. Neidå, blir spennande da!


Rosa lys på The Strand

Faget eg tar om urfolk - "Linking Indigenousness" - har eg funne ut at e eit intensivt kurs, derfor starte da ikkje opp skikkelig før denna veko. Men eg har allerede begynt å lesa pensum, Maybe Tomorrow av Boori Monty Pryor som i grunn e ei samling fortellinga frå livet hans som aboriginar. Detta e eit av dei fagene eg glede meg aller mest til, da e so spennande å lesa om aboriginarane og historiane deirans, eg trur virkelig dei e eit unikt folk som fortsatt står sterkt til tross for alt da grusomme dei har vore og fortsatt blir utsatt for.
Da va denna boke eg tok med meg ned til Ross River og begynte å lesa i før studiestart, og då kom da tilfeldigvis ein aboriginar forbi, han va lærar og hadde med seg ein skuleklasse. Han spurte meg ka eg las, og sånn kom me litt i snakk, og berre dei få ordene me utveksla va nok til å fascinera meg øve korleis aboriginarane ser verden, og kor tilgivande dei e.

Du kan jo tenka deg, viss eit ukjent folkeslag hadde komme og øvetatt heimen din, øydelagt omgivelsane dine og tvunge deg inn i eit reservat, og fullstendig neglisjert 40 000-60 000 år med historie og tradisjona - kor vennlig innstilt du hadde vore til desse folkene då?

Men denna aboriginaren eg møtte, han undervise både aboriginara og "kvite", og som han sa: "Eg bryr meg ikkje om ka hudfarge du har, me e alle like". Han fortalte at han elske å undervisa om kultur og moder jord, og at han ville undervisa alle som vil læra. Om naturen sa han: "Dei kvite kom og øydelagte alt, dei ser ikkje at da finst medisin øvealt i naturen. Da handle ikkje om at naturen e hellig, da handle om sunn fornuft."

I detta faget skal me på to felttura der me får møta aboriginara som fortsatt leve tradisjonelt.
Glede meg veldig!

"Culture, Knowledge and Environment" (Kultur, Kunnskap og Miljø) henge òg litt sammen med urfolk, og handle om korleis ulike kultura oppfatte verden ulikt.

"Environmental Processes and Global Change" handle meir om dei fysiske prosessane og miljøproblemene me står ovanfor.

Eg trur detta blir eit veldig spennande og lærerikt semester!


Til slutt litt fleire skrytebilder av nydelige Townsville:


Sykkelstien langs elve




Lesedag på The Strand





Frå brue øve jernbaneskinnene på veg heim frå byen


Eit dagligdags syn frå sykkelen på veg heim <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar