Når eg no fyst e i gang med eit skikkelig bloggingskippartak, tenkte eg skulle visa deko litt rundt i huset og nabolaget :)
Sia adresso vår e 1 Pentas Court, blir huset kalla Penthouse, og nabolaget heite Annandale og ligge ca 15 min med sykkel frå campus.
 |
| Ein av gatene i Annandale, med Mount Stuart i bakgrunnen :) |
 |
| Ein av dei mange sykkelsnarvegane |
 |
| Penthouse! Soverommet mitt e heilt til venstre. |
 |
| Stovo vår. Penthouse bere nok litt preg av å ha vore bebudd kun av mannfolk dei siste månane, for da e ikkje akkurat so masse pynt :) |
 |
| Kjøkkenet. Sambuarane mine har fått inntrykk av at eg leve på havregryn, noko som e heilt feil. Eg ete yoghurt òg. |
 |
Rommet mitt! Ikkje akkurat Dokkehus-standard, men heilt greitt :)
|
 |
| Dessuten har eg "walk-in-closet", for eg klare akkurat å gå inn i skåpet uten å bøya meg :) |
 |
| Da besta med Penthouse: Bassenget! <3 |
 |
Nei forresten, sambuarane mine e da besta med Penthouse :) Frå høgre e Doobs som flytta inn sist veka, Yannick, Klara, Jessica, Adrian, Chris og to venna av Jessica og Adrian. No har dessverre Yannick og Klara satt kursen tilbake til Tyskland, og Doobs har flytta til eit anna nabolag nærmare roklubben sin. So no e da berre eg, Jessica, Adrian og Chris igjen av familien, noko som e litt rart ette å ha budd ilag med seks andre so lenge - men sannsynligvis blir dei tomme soverommene leigd ut igjen ettekvart. Dessuten e me fira som ein liten familie, og eg har vore veldig heldig med sambuarane mine! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar