søndag 22. februar 2015

Reisebrev frå Townsville

I dag har da allerede gått to veker sia eg reiste heimafrå, og på dei to vekene har eg allerede opplevd so mykje at eg veit ikkje kor eg skal begynna å fortella!
Dagane før eg reiste va eg veldig nervøs, og da føltes i grunn ganske absurd å skulla reisa frå alt og alle, heilt aleina, til andre sio av jordkloden i eit halvt år. Men so snart alle triste avskjeda va øvestått, og eg satte meg på flyet, begynte nervøsiteten å avta (med unntak av dei to gongene eg trudde min siste time va komme på skrangleflyet ned til København).

Å reisa aleina e ein heilt anna opplevelse enn å reisa med folk ein kjenne. Da e skummelt og ein føle seg litt sårbar, før ein innser at da i grunn berre e utrulig spennande. Eg trur da e mykje lettare å komma i snakk og møta nye folk aleina, spesielt andre som e i samme båt. Berre på reiso ned blei eg kjent med fleire som skulle samme veg, som eg slo følge med. På flyplassen i Townsville (ette ei eit og eit halvt døgn lang reisa) blei eg tatt imot av folk frå James Cook University (JCU), og møtte fleire andre internasjonale studenta, deriblant fira norske jenter frå UiB. So blei me køyrt til gjestehuset i Townsville som me skulle bu på dei fyste tre nettene.

Townsville e ein havneby i den tropiske delen av Australia, langt nord på austkysten i delstaten North Queensland. Tidsforskjellen til Norge e 9 tima, so når de der heima legge deko står eg opp. So da va ikkje fritt for at eg va litt døgnvill da fysta døgnet - men henta meg fint inn igjen ved å sova 13 tima den fyste natte.

Eg syns Townsville e ein nydelig by, med karakteristiske Castle Hill (286 moh) i midten, nydelige Ross River som slynge seg frå havne og innøve byen med store, majestetiske tre på begge sider, og The Strand - sandstrendene so strekke seg frå havne og heile vegen opp til The Rock Pool, som e ein av dei få trygge plassane å bada no når da e stinger season (som du kan lesa om i fyste blogginnlegg unde topp 3 irriterande ting). Frå The Strand har ein utsikt til Magnetic Island som visstnok skal ve ei paradisøy som eg glede meg veldig til å besøka! Townsville har nærmare 200 000 innbyggara, men e veldig vidstrakt, so dei aller fleste bygningane e hus med eigne haga - derfor minne Townsville egentlig meir om ein forvokst landsby enn ein storby. Da gjer òg at byen ser veldig eksotisk ut, med veldig mange grøntområde og store, nydelige tre øvealt.





Frå havne med Caste Hill i bakgrunnen.

Eit av dei mange grøntområdene ned mot The Strand.


Eg elske trena her nede! Dessuten har dei lianer ein kan slenga seg i!

The Strand med utsikt til Magnetic Island.

The Strand med avgjerda område der da e "fairly safe" å bada.

Sia Australia har motsatte "årstider" (her oppe e da i grunn berre varmt og litt mindre varmt) frå oss, e da midt på sommaren her nede no, som betyr høg luftfuktigheit og badstuliknande temperatura. Ikkje eingong om natte e da særlig mykje kaldare.
Heldigvis blir sole innimellom avløyst av nokon ekstreme regnbyer, som i grunn e ein veldig oppfriskande opplevelse.

Universitetet/campus ligge lenger "bak" i byen, ca. 30 min med dei til dels håplause bussane frå sentrum, og ca. 40 min med sykkel (1 time før eg kunne vegen), stort sett langs Ross River so da e ein nydelig tur :)



Sykkelstien langs Ross River.



Mykje av dei fyste dagane gjekk med på å ordna praktiske ting, som å reisa på visning, finna plass å bu, ordna med australsk mobilnummer og bankkonto og kjøpa sykkel.
Allerede på fyste visning fann eg min nye heim, i nabolaget Annandale, 10 min med sykkel frå campus og rundt 40 min frå sentrum.
Sia huset mitt ligge i gato Pentas Court, blir da kalla "Penthouse". Til ei leiga på 3300 kr i mnd e eg veldig fornøgd, spesielt sia me har ein liten plen og basseng i hagen!
Da va husverten som gav meg da australske kallenavnet mitt, og presenterte meg som Sunny for mine nye sambuara. So no har eg liksom blitt heitande da her nede, sia nesten ingen klare å uttala Synnøve uansett. Da e litt uvant, men eg syns da e eit fint kallenavn :)
Eg like meg veldig godt i min nye heim, som eg for tide dele med eit spansk par, Jessica som e masterstudent på JCU og Adrian som prøve å skaffa seg jobb, ein erkeskotsk snikkar som heite Chris, og ein tysk masterstudent som heite Jannick og damo hans Klara - men dei ska berre ve her i to veker til, før dei reise heim til Tyskland. So neste veka kjem da kanskje to nye sambuara. Me har allerede blitt litt som ein familie, og alle sambuarane mine e soo kjekke :)

I gjestehuset, der me budde på 7-mannsrom dei fyste dagane, møtte me Daley frå Washington DC, som studere marinbiologi (som dei aller fleste internasjonale studentane).
Eg og Daley har vore ilag nesten kvar dag sia me møttest, og mens ho venta på å få flytta inn i huset sitt, har ho budd hjå meg.

Både torsdag og fredag skulle me egentlig på Orientation Week-fest på campus, men sia me hadde da so kjekt på vors i bakgården vår, enda da med at me helle hadde bassengfest med sambuarane våre begge dagane.


Her e altso bakgården!

O-Week kan i grunn oppsummerast som ein jakt ette gratis mat, prøva å få oversikt øve fag og campus (som e STOR!), grillfesta med ulike klubba me har lyst å bli med i (som klatreklubben og dykkarklubben), togaparty, volleyballturnering og skumparty.


Nokon av dei beste minnene frå denna veko (som eg ikkje har bilde av):
  • Sykla langs Ross River
  • Drikka goon (billig kvitvin på 5 literskartonga) i bassenget og sjå sole gå ned og stjernene komma opp
  • "Is that free cake?": Da fysta Daley spør om på marked på campus, der dei ulike fritidsklubbane presentere seg sjøl (og prøve å lokka oss til seg med gratis godteri og mat)
  • Smaka nye, eksotiske frukt
  • Hoppa i bassenget ette å ha sykla meg vill i ein time i 40 varmegrader
  • Spela sandvolleyball på stronde og leika i havet
  • Pool party i Penthouse med levande musikk (Chris e fantastisk flink å synga og spela gitar!)
  • Leika krig på skumparty
  • Å ve einig med amerikanara om miljøpolitikk (uten å bruka tvang) og få motbevist alle dei amerikanske stereotypiane
  • Kle seg ut i toga
  • Klara å gå 2-3 steg på slakkline (for so å detta ut i vatnet)

Dei beste minnene eg har bilde av:

Laget mitt ("Batman" av uviss grunn) ette volleyballturnering/skumpartykrig


Ein formiddag med Anna (tysk jenta eg blei kjent med på flyet til Townsville) ved Riverway Lagoon.
Ross River e full av skjønne, små skilpadder!

<3
Me reiste på Museum of Tropical Queensland her dei interessant nok har ei utstilling som vise korleis ein kan leva i tropiske område. Eg lærte masse. Viktig med deodorant!

Meg og Daley på veg opp Castle Hill for andre gong :)
Eg og Anna :)
Utsikt frå Castle Hill, Magnetic Island til høgre i bildet.


Fredag reiste me med 100 andre studenta til Billabong Sanctuary, ein park der dei har ville, australske dyr. Da va heilt fantastisk!


Eg helde ein KROKODILLE!

(Ikkje sjå, Karina!)
Vår australske venn Daniel (som for øvrig kan ta trippel baklengs salto på bakken)

Ikkje kjempekomfortabelt, men syns eg har gjort framskritt sia sist!

Denna søtaste kosebamsen her e ein wombat, som berre finst i Australia - den ser kanskje litt lat ut, men kan springa fortare enn Usain Bolt!

<3 <3 <3

Sånn la han seg til å sova <3 (koalabjørna søve 20 tima i døgnet)

Koalabjørnen har hjerne på størrelse med ei nøtt, og ete kun eukalyptusblad frå tre (viss dei får da servert på eit fat skjønne dei nemlig ikkje ka da e). Men da gjer jo ingenting når dei e so søte <3

Sånne har dei i HAVET i Townsville! Dei kan holda pusten i 2-3 tima og har eit kjevetrykk på 2 tonn!

Skrekk og gru
Sjå fine kenguruen min <3
Babykenguru <3

Babyen skjønne ikkje at den har blitt for stor for lommo til mammo si - søteste!

Nederst på bildet e slakklino eg "balanserte" på :)

Avslutte detta evig lange blogginnlegget med eit bilde frå Ross River no i kveld, då me va på grillfest med klatreklubben. Ettepå grilla me heima i Penthouse :)

Denna veko starte undervisninge opp, eg glede meg veldig til da og e spent på korleis fagene blir! For spesielt interesserte ska eg ta følgande fag:


  • Environmental Processes and Global Change
  • Linking Indigenousness
  • Economics for Sustainable Business
  • Culture, Knowledge and Environment

So foreløpig statusrapport e at eg har da fantastisk, da e herlig å ve ute heile dagane og utforska min nye heimby og bli kjent med nye folk frå heile verden!
Glede meg te alle opplevelsane eg har i vente :)

Håpe alle deko mine kjære der heima har da lika bra som meg <3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar