lørdag 21. februar 2015

9 ting du (kanskje) ikkje visste om Australia

Før eg bombadere deko med bilder og erfaringa frå mi fyste veka Down Under, tenkte eg å gje deko ein kort introduksjon av mi nye heimøy gjennom topp tre forvirrande, irriterande og fantastiske ting med Australia:


Topp 3 forvirrande ting med Australia:

1. Venstrekøyring
Eg har aldri forstått koffe nokon land absolutt ska køyra på feil sida av vegen når 85 % av verdens befolkning e høgrehendte. For oss som kjem frå land der me køyre på rett sida (eg like forresten at "right" betyr både "riktig" og "høgre" på engelsk) skape da berre full forvirring og potensielt farlige situasjona. Bilane kjem frå uante retninga og foreløpig ane me ikkje ka veg me ska sjå når me ska kryssa vegen. Av og til blir forvirringe for mykje for meg og eg springe berre ut i vegen og håpe på da besta som eit anna pinnsvin (neidå eg gjer ikkje da, mamma). Satse på at me klare å omstilla oss ettekvart!




2. Forkortelsa
Av og til lure eg på om australiarar (e da sånn ein seie da?) e so late at dei ikkje gidde å sei heile ord. Med tanke på varmen e da kanskje forståelig. Dei bruke forkortelsa for so å sei alt: Brekkie (breakfast/frukost), uni (university), sunnies (solbriller), vedgies (grønnsaker) osv. Når dei ikkje eingong gidde å sei breakfast, kan du jo lura på om dei gidde å sei Synnøve med ein ukjent bokstav! Svaret e nei: Derav har eg fått kallenavnet Sunny :)
Alle forkortelsane kombinert med den veldig sterke aksenten mange her har, blir dei til tider umulige å kommunisera med, so av og til blir eg ståande å smila og nikka og håpa dei ikkje stilte meg eit spørsmål.

3. Folketomme gater
Me nordmenn e jo vane med at når sole kjem fram, kjem folk fram. I Townsville e da motsatt. Dei fyste dagane lurte me på kor i all verden dei 200 000 innbyggarane hadde gøymt seg, for midt i sentrum va da nesten folketomt midt på dagen!
Australiarane like nemlig å halda seg inne med airconditionarane sine på dagtid, men tidlig om morgonen og ette solnedgang kjem dei krypande frå gøymeplassane sine.


Topp 3 irriterande ting med Australia:

1. Du får ikkje kaldt vatn i springen
Forestill deg at du nettopp har sykla ein time rundt og rundt i ei badstova, og når du gjennomvåt av sveitte ser fram til eit stort glas med iskaldt vatn, får du i staden eit glas vatn med samme temperatur (og smak) som i eit basseng. Me nordmenn e bortskjemte med springvatnet vårt! Men ette nokon tima i kjøleskap, med nokon dråpa sitron, e da ikkje so verst her helle :)

2. Stinger season
Frå november til mai e havet fullt av meir og mindre dødlige maneta/stingers. Kjem du borti ein sånn, kan du i verste fall ha to minutt igjen å leva. Detta innebere at dei fleste strendene foreløpig berre e til pynt, og me har berre lov å bada i avsperra område som e "fairly safe". So frå mai av trenge me berre passa oss for hai og saltvatnkrokodilla :D
Men då e da ifølge dei lokale uansett for "kaldt" å bada, for då e da "vinter" (21-24 grader i havet).

What a waste


3. Buss
Ein skulle jo tru at ein by med nærmare 200 000 innbyggara hadde eit velutvikla offentlig transportsystem, men dengang ei!
Me begynne ettekvart å skjønna koffe bussane her e so forhatt blant dei lokale: Av og til kjem dei, av og til ikkje, av og til går dei før tide, men oftast e dei soo treige, og i nabolaget mitt slutte bussane å gå før kl 18, som innebere at da e minst ein halvtime å gå til/frå nærmaste busstopp.
Frå "uni" til byen går bussen berre éin gong i timen om ettermiddagane, og ofta tar den latterlig lang tid fordi den køyre innom so å sei alle nabolagene på vegen.
Heldigvis har eg skaffa meg sykkel! <3


Topp 3 fantastiske ting med Australia:

1. Australiarane
I fare for å gjenta alle andre so har vore i Australia, so e australiara flest veldig opne og vennlige folk. Kassedamene kalle deg "sweetheart" og "darling", og to gonger har me fått skyss av snille damer som såg at me mista bussen og at me hadde masse å bera på. Dei e genuint hjelpsomme uten å forventa noko tilbake, og veldig inkluderande og jordnære.

2. Naturen
Townsville e ein kjempefin by, som eigentlig ikkje minne so masse om ein storby, fordi alle husene har eigen hage, i tillegg e da mange store parka og grøntområde, dessuten vekse da store, nydelige tre øvealt. So heile byen ser i grunn ganske grønn ut, omringa av fjell og hav, og Magnetic Island ("Maggie" - sjølvsagt) som ligge rett utanfor kysten frå Townsville. Gjennom byen renne Ross River, ei nydelig elv med masse små skilpadder, omringa av store, flotte tre, og sykkelstia på begge sider.

3. Vêret
Frå eit vestnorsk perspektiv nekte eg å klaga på da australske vêret sjøl om da unektelig e ufattelig varmt.
Sjøl om da nesten ikkje e vits i å dusja fordi sveitten begynne å sila igjen med éin gong, e da tropiske klimaet herlig - sol kvar dag, av og til nokon ekstreme, dusjaktige regnbyer, og varme døgnet rundt! Love it!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar